Pi-happy er eit opphaldsrom for sosialt samvere for studentar og tilsette ved Matematisk institutt. Rommet er lokalisert i 6. etasje ved instituttet og inneheld bar som vanlegvis er open på torsdagar frå 19-24. Då er det ofte ei eller anna form for underhaldning som t.d. spel, happyhour eller bordtennis. Dette blir kunngjort på epostlista pi-happy@uib.no, eller på nettsida til fagutvalet. Dersom du har lyst å stå på denne lista, kan du gå inn på http://mailman.uib.no/listinfo/pi-happy eller sende ein epost til pi-happy-owner@uib.no.

Pi-happy vart innvia på pi-dagen 14/3-2009 og fekk namnet etter ein prestisjetung namnekonkurranse.
