Generalforsamling

Torsdag 3. september klokka 16.15 blir det generalforsamling for matematisk fagutval. Staden er Auditorium Pi på Matematisk institutt. På programmet står årsmelding, plan for neste år og val. Foreløpig saksliste kan du finne her, og rekneskap for 2008/2009 finn du her. Dersom du vil vere med i fagutvalet, send ein epost til fagutvalg@math.uib.no. Alle studentar som er oppmeldt i matematiske kurs eller tar grad ved instituttet har stemmerett. Etter generalforsamlinga blir det pizza i Atriet, før vi fortset med fest i Pi-happy. Vel møtt!

Kategorisert under Fagutvalget | Merket | Stengt for kommentarer

Avslutningsfest for i år

grillFredag 19. juni blir det avslutningsfest for semesteret. Temaet er grillfest, og staden er hagen bak Kroepeliens villa (statistikkhuset). Etterpå går vi ned på Pi-happy og fortset festen der. Påmelding til arnev@math.uib.no
(slik at vi kan vite kor mykje mat vi treng). Dersom veret er dårleg flyttar vi festen inn i atriet.

Kategorisert under Pi-happy | Merket | Stengt for kommentarer

Sidersmaking

epleblomVi held torsdagstradisjonen til Pi-happy i hevd, og feirar no natt til 1. mai. Temaet er smaking på eplesider. Sideren kjem frå ein av dei beste fruktgardane i Hardanger, og er no endeleg ferdiglagra gjennom ein lang vinter. Etterkvart som stemninga stig, syng vi sidervisa. Vi opnar dørene klokka 1900. Cc kr 100,- (gratis for dei som ikkje ønsker å smake sider:)

Kategorisert under Pi-happy | Stengt for kommentarer

Opning av Pi-happy

Torsdag 23. april blir det driftsopning av Pi-happy. I tillegg blir det rekruttering til fagutvalet og drift av baren. Servering av pizza. Ta kontakt med fagutvalet for meir info.

Kategorisert under Fagutvalget, Pi-happy | Stengt for kommentarer

Pi-dagen

pidagenKlokka 18:28 (2π p.m.) den 14 mars 2009 byrjar festen alle matematikarar har venta på. Maten blir taco i pi-tabrød, og etterpå er det underhaldning i form av rebusløp med aktivitetar på pi. For påmelding til mat, send epost til hilde.hvidevold@student.uib.no (sjølvsagt er  dette gratis). Det blir salg av drikke på pi til ein god pris, men det er også fullt lovleg å nyte medbrakt. I tillegg blir det offisiell opning av den nye baren vår, og vi vil oppmode alle til å kome med forslag til namn ved påmelding. Staden er Atriet, men vi tjuvstartar i auditorium Pi med å vise filmen Pi klokka 17:00. Vel møtt!

Kategorisert under Fagutvalget | Merket , , | Stengt for kommentarer

Fagkritisk dag: Den rette linje

Om geometri, kunst og natur. «Det er så mange linjer, millioner av linjer, men bare en av dem er dødelig, og det er den rette linjen trukket med en linjal.» (Friedrich Hundertwasser)
Ragnar Fjelland held føredrag om matematikk i grenseland med filosofi/vitenskapsteori. Stad: Auditorium Pi, tid 10:30. Servering av frokost/føremiddagsmat.

Kategorisert under Fagutvalget | Merket , | Stengt for kommentarer

Bachelorfest

I samband med programmøte for for 1.årsstudentar i
matematiske fag, blir det fest for alle bachelorgradstudentane på
instituttet. Meir informasjon om tidspunkt og opplegg kjem etter kvart.

Kategorisert under Fagutvalget | Merket , | Stengt for kommentarer

Generalforsamling i Matematisk fagutval

Det vart arrangert generalforsamling i matematisk fagutval 5/9-08.
Sjå Referater for meir informasjon.

Kategorisert under Fagutvalget | Merket | Stengt for kommentarer

Innkalling til generalforsamling i Matematisk fagutval

Tid: 5. september 2008 klokka 16.15

Stad: Auditorium Pi

Alle som er oppmeldt i kurs eller program ved Matematisk institutt har
stemmerett. Dersom du har lyst å bli med i fagutvalet, kan du
sende ein epost til fagutvalg@math.uib.no
eller seie ifrå før generalforsamlinga.

Program:

16.15 Generalforsamling i matematisk fagutval.

17.00 Servering av pizza i Atriet.

Sakliste GF 2009 - Saksliste for generalforsamling 2009.
Regnskap 2007/2008 - Regnskap for 2007/2008
Kategorisert under Fagutvalget | Merket | Stengt for kommentarer

Populærvitenskapelig foredrag

CO2, a burden and a blessing

tirsdag 15/4-08, 14:15-15:00, aud.pi matematisk institutt

bubbles
Lately CO2 has become negatively labelled. This is mostly due to the
increasing awareness of the increasing greenhouse forcing with
subsequent global warming, caused by our use of fossil fuels for energy
production. Is this label deserved? CO2 is a very useful gas that is
being used in many industrial contexts and is a natural component in
the atmosphere.

After a general introduction covering general aspects, I will
concentrate on CO2 dispersed or dissolved in a liquid phase. What
processes are involved in movement of droplets/bubbles, and how are
they created? I will illustrate by using some familiar, and some less
known, examples. For instance, why the champagne glasses are long and
thin, and the catastrophe at Lake Nyos in Africa.

The lecture will be given in English or Norwegian, depending on the
audience.

Kategorisert under Fagutvalget | Merket , | Stengt for kommentarer