Eksamensfest på Hulen

hulenMatematisk fagutval har glede av å invitere til eksamensfest på Hulen, etter eksamen i MAT101/MAT111. Dørene opnar klokka 21, og det blir quiz klokka 22. Happyhour varer fram til 23 og ølstafetten er rundt midnatt. Festen har vore ein tradisjon i mange år, og det er alltid mykje folk og god stemning. Kom på Hulen for ein kjekk eksamensfest! CC: kr 50. P.S. Dei som ikkje har eksamen denne dagen er også sjølvsagt hjarteleg velkomne!

Posted in Fagutvalget | Tagged , | Comments closed

Joleverkstad

joleverkstadDet er snart jol, og jol er som kjent tradisjonar. Som ifjor held Matematisk fagutval joleverkstad, der vi pyntar til jol medan vi kosar oss med graut (med mandel), gløgg, peparkaker og anna jolegodt. Som vanleg vert det også konkurranse i bygging av peparkakehus, og det er også mogeleg at jolenissen kjem. Tidspunktet er fredag klokka 18 og påmelding kan sendast til tmy044@student.uib.no. Pris kr 30.

Posted in Fagutvalget | Comments closed

Sjakkturnering

Torsdag 5. november blir det sjakkturnering i Pi-happy. Turneringa blir spelt over 5 rundar med 20 min tenketid. Det heile byrjar klokka 18, med påmelding på epost til arnev@math.uib.no, eller mellom 17 og 18 i Pi-happy.

sjakkVed påmeldinga kan du gjerne skrive kva sjakkerfaring og evt rating du har, då vi har tenkt å ha klassar for ulike nivå. Av den grunn kan du fint vere med sjølv om du ikkje er den nye Magnus Carlsen.

Vi har ca 10 sett med brett og klokker, så dei som har meldt si interesse på førehand vil bli prioritert. Dersom du har høve å ta med klokke og brett sjølv, set vi stor pris på om du seier ifrå i påmeldinga. På den måten blir det mindre fare for at nokon ikkje får plass.

Det blir servering av kaffi og vafler og det blir flotte premiar både til totalvinnar og klassevinnarar.

Og dersom du berre har lyst på vafler, sjå nerdar i aksjon eller nyte ei forfriskning i Pi-happy, er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til det. Baren er open heile kvelden!

Sjakkturnering vart gjennomført i fin stil og vinnar vart Hannu Lyyniynen. Resultatliste kan du finne her.

Posted in Pi-happy | Comments closed

Konferanse for matematikkstudenter i Norge (KoMiN)

I år arrangeres KOMIN i Trondheim, 30. oktober – 1. november 2009. Fristen for påmelding (med lavere deltager avgift) går ut fredag 9.oktober. For mer informasjon se KOMIN

Posted in Fagutvalget | Comments closed

Semesterfest

semfestFredag 16.oktober er det igjen semesterfest på Matematisk Institutt.

Tradisjonen tro blir det gratis mat, underholdning, og salg av drikke til en billig penge. Festen starter 18.00 og varer til 02.00. Ikke gå glipp av høstens høydepunkt!

For påmelding til mat, send en mail til hpe071@webmail.uib.no innen onsdag 14/10.

Posted in Fagutvalget | Comments closed

Fagutvalget 2009/2010

Fagutvalget for 2009/2010 ble valgt på generalforsamling 3. september (referat). Første møte i det nye fagutvalget ble holdt 09.09.09 (referat) og leder ble Trine Solberg Mykkeltvedt (resten av fagutvalget).

Posted in Fagutvalget | Comments closed

Generalforsamling

Torsdag 3. september klokka 16.15 blir det generalforsamling for matematisk fagutval. Staden er Auditorium Pi på Matematisk institutt. På programmet står årsmelding, plan for neste år og val. Foreløpig saksliste kan du finne her, og rekneskap for 2008/2009 finn du her. Dersom du vil vere med i fagutvalet, send ein epost til fagutvalg@math.uib.no. Alle studentar som er oppmeldt i matematiske kurs eller tar grad ved instituttet har stemmerett. Etter generalforsamlinga blir det pizza i Atriet, før vi fortset med fest i Pi-happy. Vel møtt!

Posted in Fagutvalget | Comments closed

Avslutningsfest for i år

grillFredag 19. juni blir det avslutningsfest for semesteret. Temaet er grillfest, og staden er hagen bak Kroepeliens villa (statistikkhuset). Etterpå går vi ned på Pi-happy og fortset festen der. Påmelding til arnev@math.uib.no
(slik at vi kan vite kor mykje mat vi treng). Dersom veret er dårleg flyttar vi festen inn i atriet.

Posted in Pi-happy | Comments closed

Sidersmaking

epleblomVi held torsdagstradisjonen til Pi-happy i hevd, og feirar no natt til 1. mai. Temaet er smaking på eplesider. Sideren kjem frå ein av dei beste fruktgardane i Hardanger, og er no endeleg ferdiglagra gjennom ein lang vinter. Etterkvart som stemninga stig, syng vi sidervisa. Vi opnar dørene klokka 1900. Cc kr 100,- (gratis for dei som ikkje ønsker å smake sider:)

Posted in Pi-happy | Comments closed

Opning av Pi-happy

Torsdag 23. april blir det driftsopning av Pi-happy. I tillegg blir det rekruttering til fagutvalet og drift av baren. Servering av pizza. Ta kontakt med fagutvalet for meir info.

Posted in Fagutvalget, Pi-happy | Comments closed